Post 6: Ivertjønnen

Utgangspunkt: Billingen. Køyr opp ved Billingen og parker på p-plass. 

TurbeskrivingKryss bru over Tora og fylg stig på vestsida av Føysa oppover til nytt Fjellgeitskilt (ca 1200 moh). Fylg høgdedraget vestover til to tjern. Posten er plassert i austenden av det nederste tjernet (1370) og ligg på 1377 moh. Her er det fint å fiske. Turen er ikkje merka etter at ein tek av stigen ved Føysa, så ta med kart/kompass eller GPS.

Kartblad: Turkart Skjåk / 1319 II Torsvatnet

GPS-koordinatar32V 0440425 UTM 6879293

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.