Post 4: Minnesmerke etter Ola Brennhaug

Utgangspunkt: Framruste

Etter seterstulbrua tek ein til venstre og fylgjer den raudmerka stigen mot Raudberget ca. 2 km til skilt om minnesmerket. Frå dette skiltet går ein etter blå merkeband opp lia. Lett tur på god stig, litt stigning det siste stykket opp til sjølve minnesmerket som markerar staden der reinsgjetaren Ola Brennhaug omkom i ei snogskriu i februar 1960. Turen er omlag 2.1 km ein veg.

Pr. 31.mai er det stort sett greitt og tørt føre, stor vassføring i bekkar grunna snogsmelting.

Skjåk Turlag arrangerar fellestur 13. august, frammøte kl. 17:30 ved brua.



Kart: 1518 IV Pollfoss

GPS-koordinatar: 32V 0437370 UTM 6865896

Posten vart tatt ned søndag 12. oktober.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.