Post 10: Skarvedalshytta

Utgangspunkt: Billingen

Fylg stig på austsida av Føysa. Her veks den sjeldne gulgrøne ulvelaven på tørre gamle furugreiner. Øvst i skogen kjem du til eit stigkryss. Følg raudmerka råk frå stigkrysset og opp langs Føysa mot aust innover fjellet til Føystjønn. Hit er det ca 4.4 km. Gå over Vesle Føysa og i terrenget mot Skarvedalen og fram til Skarvedalshytta. Ein kan også gå turen på vestsida av Føysa. Turen er omlag 10 km ein veg. Du kan leige hytta og få nøkkel hjå Skjåk Almenning. Fint å fiske i fleire vatn i nærleiken.

Kart: 1319 II Torsvatnet
GPS-koordinatar: 32V 0447541 UTM 6881735

Posten vart tatt ned 5. oktober.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.