Post 8: Framrusthovden.

Posten på Framrusthovden er sett opp. I foldaren har det kome inn ein feil i rutebeskrivinga. Er ein i tvil, fylg skiltinga.

Rett rutebeskriving skal vere:
Utgangspunkt: Framrustsetrene/Botn Seter.

Parker før brua. Kryss brua, og ta til venstre i krysset rett etter brua. Etter ca 50 meter fylgjer ein raudmerka stig mot Glitterbu i ca 1 km til ein er oppe i tregrensa. Deretter er det berre å halde rett opp lia mot posten som står 1453 moh. Det er noko stein og ur siste stykket mot toppen, elles mest lyng og gras. Flott utsikt over Billingsdalen og Glittervatnet frå toppen. Ein kan og gjera turen frå Botn seter.

3.juli var det fine forhold langs ruta frå Framruste. Enkelte stader i skogen er det litt blautt, men det skal gå greitt å kome turrskodd fram, sjølv med joggesko.

God tur!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.