Svarthammaren

Utgangspunkt: Krysset RV 15/ Dalaveigen.

Parker ved sandtak der Dalaveigen tek av Rv.15 (4,3 km aust for Bismo). Fylg raudmerka stig til posten på Svarthammaren (2,8 km), her er og ei skrytebok. Stigen går gjennom mosegrodd furuskog med mange «prestar», ei type furu som knapt finst andre stader enn i Skjåk. Frå posten er det fint å gå vidare til Lendhytta eller Åndhytta.

Per 9. mai er det fint føre fram til posten.

Kartblad: 1518 I Skjåk

GPS-koordinatar: 32V 0465447 6860829

Turansvarleg: Astrid Bjørnstad

Posten vart teken ned laurdag 19. oktober.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.