Krosshøe

Utgangspunkt: Rasteplass aust for Gammel-Grotli.

Fylg raudmerka stig mot Rundhaugen. Ved Rundhaugen tek ein av stigen og held mot nordvest til ein er oppe på eggen til Krosshøe. Fylg ryggen mot vest. Fjellgeitposten er ved høgste toppen på 1857 moh. Turen går i steinur mest heile vegen, men ura er stabil og nokolunde grei å gå. Alternativt kan ein parkere ved Grotli og fylgje skitrekket opp. Deretter held ein opp lia omtrent rett mot nord, slik at ein kjem opp på ryggen noko aust for toppen. Fylg terrenget der det er slakast heile vegen opp. Skjåk Turlag arrangerer tur hit i haust, sjå turlagsfoldaren.

Status per 30. juni: Føret oppover er heilt OK, sjølv om det ligg igjen mange fonner oppover mot toppen.

Utsikt fra Krosshøe mot Breidalen


Kartblad: 1319 III Tafjord

GPS-koordinatar: 32V 0427642 6882388

Turansvarleg: Olav Øiberg

 Posten vart teken ned fredag 11. oktober

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.