Hæradalsrunda

Utgangspunkt: Dønfoss Camping.

Gå over riksveg 15 ned mot elva like ved Dønfossbrua. Her står det skilt for Hæradalsrunda. Fylg stigen og raud merking vestover i ca 1,5 km, før du kryssar riksvegen nedanfor Øybergsgarden. Her går det noko bratt oppover på oversida av vegen, før stigen går austover att i noko ulendt terreng i starten. Det er fint å gå siste delen til Øyberget kraftstasjon. Turen er på ca 3,5 km og posten er plassert om lag midt i runda.

Kartblad: 1518 IV Pollfoss

GPS-koordinatar: 32 V 0451262 6865728

Turansvarleg: Olav «Offe» Bruheim Kvåle


Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.