Fjellgeitkveld 22.november 2012



Fjellgeitkvelden finn stad torsdag 22.november klokka 18:00 på Skjåk Turistheim.
Konferansier for kvelden er Elias Sperstad.


Denne kvelden blir det:
o   Utdeling av T-skjorter og merke til små og store Fjellgeiter
o   Trekning av mange fine premiar
o   Loddsal på fruktkorg
o   Visning av mange fine bilete frå årets turar
o   Servering av heimelaga pizza

Vaksne som har bestilt t-skjorte, må hugse å ta med seg kr. 80,- til betaling.

Velkomen alle saman!



PS:
Om du har fine bilete frå Fjellgeitturar i sommar som kan synast fram på Fjellgeitkvelden, vil vi gjerne ha dei! Hjelp oss ved å sortere bileta dine, og vi vil ha max 20 bilete frå kvar enkelt. Her kan det sikkert bli travaleg å plukke ut blinkskota;-). Bileta leverar du på cd eller minnepenn til ein av oss i styret seinast 21.november.

Vi takkar og bukkar for alle bidrag!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.