Post nr. 2: Minnesmerket etter Klara Heggerusten er oppe

No er Fjellgeitpost nr 2 sett opp.

Ruta er merkt med blå band, og det er tørt og fint føre. Pr dags dato (4.juni 12) ligg det berre att ei lita snøfonn øvst i skogen. Hjelp oss å passe på at merkebanda får henge i fred slik at andre og kan finne vegen!

Like nedanfor minnesmerket er det sett opp ein fin stein som syner akkurat kor Klara Heggerusten vart attfunnen. Det er flott om alle store og små Fjellgeiter viser varsemd slik at denne steinen ikkje blir velta eller flytta på.

Denne steinen syner staden der den vesle jenta vart funnen.

God tur!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.