Fjellgeitposten ved Staurustberget er oppe!

Onsdag 16.mai vart posten ved Staurustberget sett opp. Det er fine forhold og greitt å gå etter stigen! Fjellgeita oppmoder folk til å vise hensyn til gardbrukarane på Staurust og i Bergon: Parker på snuplassen der asfalten tek slutt og pass på at du let att grinda etter deg.
Omtrent 100 m etter Bergon kjem du ut på open beitemark, her går det stigar i alle retningar. Hald rett oppunder steinmuren så vil du finne brua over Storåe og stigen vidare.

NB! Ver obs på at Storåe kan vera litt travaleg å krysse no i vårflommen.

God tur!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.