Staurustberget

Utgangspunkt: Staurust

Kjør til Staurust og parker ved snuplassen. Fjellgeita oppmoder folk til å vise hensyn til gardbrukarane på Staurust og i Bergon: Parker på snuplassen der asfalten tek slutt og pass på at du let att grinda etter deg.
Fylg fjellgeitskilt forbi tunet på Staurust og Bergon. Omtrent 100 m etter Bergon kjem du ut på open beitemark, her går det stigar i alle retningar. Hald rett oppunder steinmuren så vil du finne brua over Storåe og stigen vidare. Turen går i lett terreng langsetter Skim, ca 1.5 km. Posten står i glenna etter plassen Staurustberget, her er god utsikt nordover bygda! Om ein vil ha lengre tur, kan ein halde fram til grillbua på Tronoodden ca 2.7 km. Fine høve for fisking.

Kartblad: 1618 IV Lom

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.