Kvålheimsnose

Utgangspunkt: Aura bru

Gå vegen som går oppover på vestsida av Aura i omlag 200 m. Fylg skilting og dei blå merka vidare oppover, kryss over mellom to jorde og fylg vidare merking. Posten står ved ei furu like ved skoggrensa. Bratt tur og flott utsikt! Stigen vart før i tida brukt til nedfrakting av mose på kjelke, og vart difor kalla ”Måsådrågje”. Mogleg å gå vidare opp mot Aursjoen  og kome ned att ved ”Treet” på austsida av Aura.

Kartblad: 1518 I Skjåk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.