Geitryggen i Lundadalen

Utgangspunkt: Dalom

Kjør innover Dalom på venstre side av Skjøle til grind. Parker ca 0.4 km innanfor grinda. Fylg skogsbilvegen innover Lundadalen opp bakkane til Stoe. Ta deretter til høgre på sti innover skogen, over Geitryggen, til fjellgeitpost og vidare ned gjennom skogen til skogsbilvegen. Geitryggen er ei avsetjing frå siste istid (infoskilt ved posten). Litt bratt ned på båe sider eit lite stykke (mini-Besseggen). Lett og stutt tur i artig natur. Fleire elggraver i området.
Det blir arrangert ein fellestur 27 juli til Geitryggen i samband med Nasjonalparkfestivalen. Meir info vil kome i programmet til denne festivalen.
Kartblad: 1518 I Skjåk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.